Hvit m i mitt sør-aurdal
Innhold av
Eivind Olmhus
Publisert
18/04/2022
Kategori:

Bondepub for nye og kommande bønder fredag 22. april

Mitt Sør-Aurdal og Sør-Aurdal kommune inviterar nye og kommande bønder til ein sosial kveld på Valdres Mathus, der de får litt å bite i og moglegheit til å diskutere fe, gras og traktor over eit glas eller to med valgfri drikke.

Facebookarrangement


Er du fortsatt i tankeboksen for om du skal ta over, eller har du tatt over for nokre år sidan? Då er dette for deg!


Landbrukssjefen og Skogbrukssjefen, samt prosjektleiar i Mitt Sør-Aurdal stikk nasen innom for å presentere seg, men kvelden er fyrst og fremst til for sosialisering!


Meld deg på ved å sende ein e-post til post@mittsoraurdal.no.


Me spanderar mat, men drikke lyt du stå for sjølv. (Sei ifrå om evt. allergiar)


Vi ser også på moglegheita for å sette opp transport utover til Begnadalen og Hedalen. Sei ifrå om dette er aktuelt for deg.

Andre aktuelle innlegg:
crossmenu linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram