Hvit m i mitt sør-aurdal
Lag og foreninger i Sør-Aurdal
Lag og forening i Valdres

Bagn og Reinli sanitetsforening

Norske Kvinners Sanitetsforeining (NKS) er ein av dei største humanitære organisasjonane i Norge. Dei driv frivillig arbeid innan helse- og sosialområdet med vekt på kvinners helse og livsvilkår. NKS har 43 000 medlemar fordelt på 600 lokalforeiningar over heile landet. Bagn og Reinli Sanitetsforeining er den største lokalforeininga i Valdres med ca. 200 medlemmar.

- Kvart år gir Bagn og Reinli Sanitetsforeining støtte til lokale formål med inntil 40.000,-.
- Dei gir og støtte til ulike forskingsfond innan kvinnehelse, kreft, osteoporose, psykiatri, og fond for barn og unge med inntil 15.000,- kvart år.
- Foreininga har eigen omsorg- og beredskapsgruppe som kan hjelpe til ved større ulykker og kriser i nærområdet.
- Arrangerer medlemsturar, basarar, kløverlotteri og sal av fastelavensris.
- Gir støtte til ulike arrangement for barn og unge i lokalsamfunnet

Tekst: Åse Østgård Hagen
Se flere lag og foreninger
crossmenuarrow-leftarrow-right linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram