
Laurdag 6. november kan 12 klatreglade lære seg alt som trengs for å kunne nytte klatreveggen i Sør-Aurdalshallen. Karsten Øyhus og Solfrid Olmhus i Bagn IL skal halde kurset og er begge sertifiserte kurshaldarar hos Norges Klatreforbund.
For den klatrelystne er det no mogleg å kaste seg med klatregruppa til Bagn Idrettslag på laurdagar frå klokka 09:00. I fyrste omgang vil det bli halde kurs som sikrar kompetanse til dei som skal drive i veggen framover. Kurset startar klokken 09:00 på laurdag og tar 3 timar å gjennomføre.
Påmelding for topptaukurset i SPOND
I løpet av desse tre timane vil du lære alt du treng for å sjølv kunne klatre trygt, og ikkje minst for å sikre ein annan klatrar oppe i veggen. Det blir gjennomgått sikkerheitsrutinar, ansvarsfordeling og riktig kommunikasjon.
Topptaukurset er en del av Norges klatreforbunds utdanning for innendørsklatring og står som eit krav for å kunne sikre ein annan klatrar i klatreveggen i Sør-Aurdalshallen. Ved å ha bestått topptaukurset får du ei nasjonal sertifisering på at du veit korleis ein sikrar ved innendørsklatring, og kan dermed benytte klatrehallar rundt omkring i Noreg.
For meir informasjon om topptaukurs og den vidare kursstigen les på Norges Klatreforbund sine heimesider.
Foreløpig er det kun laurdagar klokkan 9 at klatreveggen er åpen for bruk, og det er Bagn IL sitt utstyr som vil bli nytta dersom du ikkje har eiget utstyr. Dersom du vil klatre ved andre tider må tid bookes på Sør-Aurdal kommune sine heimesider.

