Forrige laurdag var det mange som tok turen til Øyvatnet på Leirskogen då Pål Anders Ullevålseter stilte opp som kurshaldar for dei unge (og litt eldre) motorinteresserte. I tillegg til ein del lokale crosssjåførar kom det folk langvegs frå for å nytte banene og få nokre tips av verdsmeisteren i ørkenrally.
- Vi har telt opp rundt 25 sykler, med sjåfører i alle aldre. Så vi er veldig fornøyde med oppmøtet, forteller Ståle Frøislihagen i Valdres Motorssportklubb. - Pågangen har vært såppass stort at vi måtte begynne å si nei til de siste påmeldte.
Han har, med dei andre frivillige, lagt ned utallige arbeidstimar med å brøyte, vatne og ordne, slik at forholda blir så gode som mogleg for iscross-kjøringa på Øyvatnet. All den harde jobben har ført til at banen er etter kvart vorte eit populært reisemål for mange, også langvegs ifrå. Pål Anders Ullevålseter besøkte blant anna banen også i fjor, då han hadde med seg landslaget i enduro som han då var trenar for.
Isbanen på Øyvatnet er ein del av Valdres Motorsportklubb som også har crossbane i Slidre, og er underlagt Norsk Motorsportsforbund sitt reglement. Det betyr blant anna at du må være medlem av en klubb tilknytta forbundet og ha gyldig lisens for å kjøre på Valdres Motorsportklubb sine baner. Klubben har utlåncrossera slik at det går ann å prøve utan å måtte investera i eigen sykkel og det går ann å få prøvelisens hos motorsportsforbundet.
Besøk facebooksida Isbanen - Valdres Motorsporklubb for meir informasjon og ta eventuelt direkte kontakt med funksjonærane for spørsmål om kjøring på isbanen.
Kontaktpersoner for isbanen på Øyvatnet:
Arnstein Kvaal, tlf: 917 80 936
Dan Bjørge Kvaal, tlf: 959 42 650
Ståle Frøislihagen. tlf 482 29 482