Stølsveko i Øystre Slidre blir arrangert for tiande gong og er åpent for born frå heile Valdres. Det foregår frå 8.-12. august.
Sist endret15.06.2022 10.59
Stølsveko i Øystre Slidre blir arrangert for tiande gong og ønsker å invitere born frå heile Valdres!
Stølsveko er ei aktiv ferieveke frå 8.- 12.august der barn og unge får ”smake og føle” på stølsliv og friluftsliv i Øystre Slidre og dele artige opplevingar med kvarandre.
Innhaldet i Stølsveko vil vere stølsbesøk, sykling, padling, bading, fisking, juvvandring, leik og moro m.m. Det blir ei overnatting i telt i Sanddalen ved Vinstre.
Målgruppa er barn og unge i alderen 10-13 år, og det betyr at elevar som går i 4.-7. klasse våren 2022, får tilbod om dette. Søknadsfrist er 30.juni.
Folkehelsekoordinator i Øystre Slidre organiserer Stølsveko i samarbeid med andre kommunetilsette, stølseigarar, fjellstyret og Beito Aktiv.
Deltakaravgift: kr. 750 pr. deltakar (for fem dagar). Det kan søkjast om redusert
deltakaravgift dersom økonomi er eit hinder for deltaking. Det er 30 plassar.
Alle får beskjed innan 5.juli om dei har fått plass. Program og utstyrsliste blir sendt ut
i veke 31 og diverse utstyr kan lånast på utstyrssentralen.
Velkommen til Stølsveko!