




Etter mykje planlegging og fleire dagar med jobb kom det endeleg eit flunkande nytt leikestativ på Bagn skule. Dette har vi venta lenge på, seier både vaksne og ungar med stjerner i augo. 15 mai var det duka for ei storslagen opning. Ordførar Marit og rektor Bjørg opna det heile med tale frå toppen av stativet. Marit fekk fyrste turen gjennom den grøne sklia, før ho og Bjørg klypte snora inn til klatrestativet. Etter både iseting og leiking kunne nok dei fleste si seg fornøgde med det heile.
«Kva syns dykk om klatrestativet?» Det var fint, seier Madelen. Elise syns den grøne sklia var kjempekul. Tias syns det var gøy! Sondre syns det var 10 tusen millionar bra, for det er det høgaste talet i verden. Bjørnar seier at klatrestativet er morosamt. Eg lik at det er høgt. Ordførar Marit syns at det er høgt, men det er ei veldig kul og rask sklie. Og det ser ut til at det er veldig populært. Dette er fantastisk. Det å få eit slik leikeapparat er stort for skulen. Fagarbeider Per meiner at vi trengte å få noko slikt her.




FAU ved Bagn skule vil gjerne gi ein stor takk til Ryfoss betong for sponsing av betong, Wårum Forskalingsutleige for sponsa forskaling, FG bygg for sponsing av betong arbeid. DNB Sparebankstiftelsen for peng. Sør-Aurdal kommune og mange positive hjelpsame søraurdølar. Takk til Valdres pukkverk, Reinli Maskinstasjon og FG bygg for positive bidrag. Me vil også gjerne takke Bagn og Reinli sanitetsforeining som sponsa karusell til Bagn skule i 2019.
FAU ved Bagn skule v/Karoline Stensrud Haugrud