Me i Mitt Sør-Aurdal har starta med ein sosial kveld siste kveld i kvar månad på forskjellige serveringsstader i kommuna. Til nå har me kalla det «Fredagspils» sjølv om pilsen kan byttes ut med brus. Tanken er eit lågterskeltilbud for den som vil ut å treffe bygdefolk ein kveld. Det blir også mogleg å bestille noko å bite i, menyen kan variere. Først ut var Stavadalen, her vart det litt oppmøte med god mat og noko godt i glasset. Det var også mogleg å teste ut diverse aktivitetar i spelehallen. Neste var Mathuset, og her vart det høg stemning og fullt i lokalet. God burger var det også mogleg å bestille. Håpar på like bra oppmøte neste «fredagspub» då blir det mathuset igjen, med rakafiskbufe for den som ynskjer det! Sett av desse datoane framover:
24/11 – Mathuset
26/1 - Mathuset
23/2 – Stavadalen Park