Hedalen stavkirke er den eldste bevara stavkyrkja i Valdres. Kyrkja vart truleg bygd om lag 1163, og skipet i kyrkja er den eigentlege stavkyrkja. Det er funne myntar under kyrkjegolvet frå kong Sverres tid 1177–1202. I 1699 vart kyrkja bygd om til ei krosskyrkje. Tverrskipet og langkoret i lafta tømmer er altså ikkje frå mellomalderen. Sjølve stavkyrkja er ei einskipa langkyrkje utan frittståande indre søyler. Her er berre stavar eller søyler i hjørna, og desse ber veggar og tak. Stavkyrkja har svalgangar frå mellomalderen.