Vangen, Bangsmoen og Ulekyrkjetomta er tusenårsstad i Sør-Aurdal kommune frå 2005. Gamle Bagn med Bangsmoen og Bagn kyrkje ligg mellom Begna og øvre kyrkjegardsmur på Bagn kyrkje. Staden har hatt mykje å seie for utviklinga av kommunesenteret. Flatene på Vangen har vore ein naturleg samlingsplass i Bagn. Her var eksersisplass gjennom fyrste og andre verdskrig. Vangen har også vore ein naturleg plass for idrettsarrangement og andre aktiviteter.