Ein tettstad eller eit sentrum oppstår som eit resultat av praktiske behov. Bagn er eit naturleg knutepunkt mellom Begnadalen, Aurdal, Reinli og Tonsåsen/Bruflat. Tyngdepunktet i Bagn sentrum har endra seg fleire gonger etter som tidene endra seg. Frå gamalt låg sentrum ved Vangen, nær kyrkja (sjå eige kapittel). Etter at industrialiseringa og elvekrafta vart viktig, vart tyngdepunktet i sentrum flytta. Denne delen av Bagn sentrum rommer fremdeles viktige bedrifter som bakeri, frisør, bilforretning og bensinstasjon.