Hvit m i mitt sør-aurdal
Innhold av
Lene
Publisert
22/02/2023

Heimflyttaren Kristine Brenden

Erika, Lilly og Matilde. Foto: Priva

Våren 2021 fekk Lundbygda i Sør- Aurdal fleire innbyggarar då endå ein familie kom flyttande. Peter og Kristine med to jenter kom med flyttelasset sitt frå Bærum. Etterkvart har dei vorte ein familie på fem. Dette er eit kjærkommen tilskot til kommunen, ettersom folketalet sakte med sikkert peiker nedover. No har familien nyleg flytta inn i eit nyoppussa hus som opprinneleg vart sett opp i 1921. Kårfolket har flytta inn i ny kårbolig rett over tunet, så det er kort veg til besteforeldre for Erika (7), Mathilde (4) og Lilly (1). Jentene stortrivst i det gamle nye huset med stor boltreplass både ute og inne.

Garden Øvre Brend i Lundebygda. Foto: Privat

Lundebygda er ei bygd i Sør-Aurdal som har hatt befolkningsauke dei siste åra med fleire ungar og innflyttarar frå fleire deler av landet, ja til og med frå Tyskland og Sveits. Sjølv om garden til Kristine ligg høgt oppi lia og ein liten stubb frå allfarveg så er det ikkje meir enn 15 min til Bagn sentrum. Slik sett er det sentralt til skule, butikk og fritidsaktivitetar. Garden Øvre Brenn er ein tidlegare sauegard med utsikt som kan minne om Flåklypa. Her kan du sjå heilt til Tunet på Bagn om du legg nasen heilt inntil vindauget. Heile plassen hadde sklidd rett inn i «der ingen skulle tru at nokon kunne bu», og med denne utsikta samt godt breiband er det ingen sak med heimekontor for mannen i huset, Peter Hemmer. Peter kjem og frå landsbygda, nærare bestemt Hermersberg i Tyskland, og er heller ikkje bortskjemt med bussruter kvar time. 

Kristine Brenden som er født og oppvaksen på denne plassen flytte til Tyskland etter vidaregåande for å utdanne seg til lege. Det var slik det vart at Peter og Kristine møttest i studentbyen Aachen. Etter studiet bar det til Molde der begge fekk seg jobb på sjukehus. Etter ei stund kom dottera Erika, og snart flytte dei til Bærum for å komma litt nærmare familie. Her jobba dei nokre år før Mathilde vart født. Etter kvart vart dei einige om å flytte heim til Brenn.

Peter og Kristine. Foto: Privat

Kva gjorde at dykk ville flytte hit? - Vi valde å flytte til Sør-Aurdal fordi vi kjente på tilknytning til plassen. Eg har hatt tett kontakt til heimplassen alle desse åra eg har budd borte og difor kjende det heller ikkje framand for Peter å skulle bo her. Vi hadde lyst til å kome nærare besteforeldra og då dei var opne for å bygge seg ein kårbolig, tok vi steget og selde rekkehuset vårt i Bærum til fordel for Sør-Aurdal. I tillegg er folk i Valdres trivelege å vere saman med. Det er små forhold og ein tek vare på kvarandre på ein god måte. Vi trur det er ein god plass for ungane å vekse opp. Det finns mange aktivitetstilbod til både unge og vaksne her, og det gjer det breikande å bu her. Kva hadde gjort Sør-Aurdal til ein betre plass å bu? - Om Sjukehuset Innlandet hadde valt å byggje det nye sjukehuset på Tonsåsen svarar Kristine kjapt med eit smil.

Tenk det hadde vore noko om det hadde vorte sjukehus på Tonsåsen! Då trur eg jammen meg at vi hadde nådd målet i Mitt Sør-Aurdal om å snu befolkningsnedgangen i kommunen. Men, det er nok ein uoppnåeleg draum, så me får heller håpe at Kristine og familien blir værande høgt oppi Lundebygda der ingen skulle tru at noko kunne bu.

Andre aktuelle innlegg:
crossmenu linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram