Mitt Sør-Aurdal, logo
Bedrifter i Sør-Aurdal
Bedrifter i Sør-Aurdal

Helland Gard

Helland er ein gard som ligg langs Begna i Hølera, midt i Sør-Aurdal. Me er ein familie på fire, og er 5. generasjon som driv garden. Her driv me med kjøttproduksjon av storfe og sau, me har også høner, hund og katt. Me er også i samdrift med Hølera samdrift der me produserer mjølk. Dyra våre skal ha eit så godt liv som mogleg så lenge dei bur her. Dei får minimalt med kraftfor, og det meste av kjøttet me sel kan merkast som grasfora. Dyra kan gå ut og inn heile året slik dei ynskjer. 

Det er viktig å utnytte dei gode beiteressursane me har i Sør-Aurdal, så om sommaren flytter me alle opp på sætra vår på Bukfyll på Veståsen i Bagn. Her ruslar dyra rundt og et saftig godt gras, urter og lyng heilt til hausten. Oksane og verane må væra heime, men dei får væra ute og eta gras langs Begna. Me sel kjøtt av grasfora Hereford, spelsau og nokre gonger egg om me har mykje. Elles er det mogleg å avtala gardsbesøk. Me er ein familie som synes det er viktig at ungane lærer seg å respektere dyr, og oppleva gardsdrift. 

 480 030 48     
 post@mittsoraurdal.no
Personvern
| © | Levert av
TALA
envelopephone-handsetmap-markermenuarrow-right linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram