Nye Bagn kyrkje ligg på oversida av vegen. Kyrkja er ei tømra krosskyrkje i bondebarokk sett opp av byggmeister Svend Olsen Traaseth i 1736. Kring kyrkja er det ein steinmur. Inne i kyrkja er det rikt inventar frå 1700-talet. Snikkar har vore mellom anna Aslag Olsen Li (1798-1886). Altertavla, døypefont og preikestol er truleg snekra og skåren av Johannes Ellingsen Segalstad frå Gausdal. Preikestol og himling har uvanleg fint maleri, truleg utført av Peder Aadnes. Det er også maleri å treplate basert på koparstikk av Bartholomeus Dolendo etter Crispin v.d. Broeck. Maleriet er signert Orvar Thorsrud (død 1924). Dei to kyrkjeklokkene er frå 1881.