Bautahaugen Samlinger er eit friluftsmuseum sentralt i Hedalen. Museet er ein del av Valdresmusea AS, med unnatak av Bergsrud gard og Mølla. Alle bygningane på museet er hus frå gardar i bygda, og hus som er brukt i samband med jakt, fiske og seterdrift i fjella kring Hedalen og inne i Vassfaret og Vidalen.