Ved E16 like sør for kyrkja i Begnadalen står eit uvanleg, lite hus. Dører og vindauge er vanlege, men inntil bygningen er det eit høgt tårn. Dette er den fyrste brannstasjonen i Sør-Aurdal, og det høge tårnet vart nytta til å henge opp dei lange brannslangane til tørk. Brannstasjonen var i bruk fra 1950 til 1976.